fredag 6. mars 2009

Snille journalisten og fotografen sendte alt til meg :)

Dressed for sucsess

Etter stor etterspurnad er Therese Flokketveit sine gjenbruksklede til sals over disk i Sauda.

– Eg har tidlegare selt til venner og kjente her heime. Rykta har vel spreidd seg, seier Therese Flokketveit nøgd.


Populære klede

Og rykta har verkeleg spreidd seg. Så stor har etterspurnaden vore at butikksjefen ved Life i Sauda, Kari Lillehammer, valde å satse på 22-åringen sine retroklede.

– Vi har selt økologiske klede frå før, noko som har vore populært. Mange har spurt etter Therese sine klede, og vi synest derfor det er kjekt å kunne tilby kjolar ho har laga. Dessutan er dette veldig kjekt for Therese, sjølvsagt. Eg ser ikkje på dette som veldig vågalt. Vi prøver oss fram, og ser korleis det går, meiner Lillehammer.


Ein draum i oppfylling

Ryfylke har tidlegare skrive om Therese Flokketveit og korleis ho syr gamle sengeklede og andre stoff frå 60- og 70-talet om til kjolar og smikkar til born. Ho har lenge håpa på å komme seg inn på marknaden i Sauda. No er draumen omsider gått i oppfylling.

– Eg har solgt litt i Bergen og i Oslo. Likevel er det jo her eg kjem frå, og eg synest det er stas viss folk frå heimbyen min liker det eg gjer. Før jul selde eg ein god del til kjente her, eg håper berre ikkje Sauda blir metta, seier Flokketveit.


Unik kolleksjon

Therese Flokketveit byrja å sy då ho fekk den nå to år gamle dattera si, Timone. Dei to er nesten som forretningspartnarar å rekne.

– Eg ville sy til Timone, og byrja å prøve meg fram. Ho blir mykje brukt som modell, ler grynderen, og legg til at i tillegg til at kleda ho syr rettar fokus mot gjenbruk, er det og populært at ein kan kjøpe eksklusive plagg.

– Eg driv ikkje med masseproduksjon, og kvart plagg er unikt. Det kan godt hende eg bruker same stoffet til to kjolar, men eg syr gjerne ein ekstra lomme eller ein knapp på, forklarer Flokketveit.


Dyr hobby

Sjølv om Flokketveit sine klede er unike, er ikkje idéen hennar ny. Å skape nye klede av gammalt stoff er blitt poplært i Noreg, også i Bergen, der Flokketveit bur og studerer. Dette gjer at prisane på stoffa har auka.

– Det er blitt mykje dyrare å kjøpe brukt stoff, derfor sett eg veldig pris på at folk har vore flinke å gi meg sengetøy dei ikkje har bruk for lenger. Eg har nett vore i Danmark og studert i eit semester. Der er prisane lågare, og då hamstra eg ein god del, seier 22- åringen, og legg til at ho ikkje føler at prisane på dei ferdige produkta hennar er særleg høge.

– Eg trur ikkje det er spesielt dyrt. Eg bruker jo mykje tid på dette, og ein må hugse på at ein trass alt får noko som ingen andre har. Prisane er overkommelege, eg blir ikkje akkurat rik, ler Flokketveit.


Starta på scratch

Den unge syersken var ikkje særleg dreven på symaskina då ho først starta med å sy klede til Timone. Likevel har ho alltid vore ei kreativ sjel, noko ho trur ho har hatt god nytte av.

– Eg hadde ikkje sydd særleg meir enn eit lappeteppe på skulen. Men eg er veldig glad i fargar, det har eg alltid vore, kommenterer Flokketveit, som nok ikkje var heilt grøn i høve til fargesamansetting i og med at ho gjekk på teikning, form og farge på vidaregåande.


Kvalitetsbevisst

Etterkvart som Flokketveit har fått fleire bestillingar, har ho også stilt høgare krav til kvaliteten på stoffa ho får eller kjøper.

– Eg føler eg har utvikla meg i høve til kvaliteten på arbeidet mitt, og eg er nøye med å sy doble saumar slik at klede skal kunne vare. Det er uansett veldig viktig å ha ein god start, at stoffet eg skal bruke ikkje er dårleg eller veldig skittent, understrekar ho.


Allsidige antrekk

No kan ein altså få kjøpt heimelaga, dobbelsidige kjolar med smikker i butikk i Sauda. Ifølgje Flokketveit er det viktig at ein kan kjøpe klede borna kan vekse i, og plagg som kan brukast på ulike måtar.

– Du får to kjolar i eitt, og når ein er for stor til å bruke han som kjole kan ein ha det som tunika, forklarer saudabuen.


Effektiv

Når Flokketveit først sett i gang kan ho sy to-tre kjolar på ein dag. Men syinga går i bølgedalar.

– Av og til må eg legge det heilt vekk for ikkje å bli lei, seier ho.

Sjølv om ho ikkje har umiddelbare planar om å satse fullt og heilt på retroklede når studia er ferdige, ser ho ikkje vekk frå at ho kan utvide kapasiteten dersom det blir behov for det.

– Eg veit at det er folk som kan hjelpe meg dersom det trengst, og eg skulle gjerne hatt tid til å sy enda meir. Men akkurat nå har eg fokus mot å bli ferdig med studia, så får vi sjå, avsluttar Therese Flokketveit.

«Eg ville sy til Timone, og byrja å prøve meg fram»



Foto: Linda Merethe Lie

RADAR-PAR: Therese Flokketveit blei inspirert av dottera si til å byrje å sy klede av brukt stoff. Timone, her med kåpe og hue sydd av mor, er i dag ein viktig samarbeidspartnar, i ein alder av to år.






Tusen takk igjen til Linda Merethe, det kunne ikke vert gjort bedre:)




Foto: Linda Merethe Lie


Foto: Linda Merethe Lie


Foto: Linda Merethe Lie




onsdag 4. mars 2009

Uni jakke



Her er en ny ulljakke som henger i vinduet til helsekostbutikken i Sauda, den er som du ser brun og er av 80% ull og 20% polyester. Jeg lagde den litt anderledes en kåpene så dette er en jakke både tøffe jenter og stilige gutter kan bruke. Den har også en lomme forran til tutter, steiner og andre skatter.



Bak har en liten sjømann festet seg:)




Her er nydelige Alva på 1,6 år modell, så den passer nok 1-2+ år

Pris 550.-
Solgt